TILBAKE TIL HOVEDSIDEN

 
 

Huskatten i klammeri

 

Sist søndag hende det noko trist. Huskatten kom i klammeri med ei mus. Eg hadde høyrt musa på loftet i fleire dagar.
Søndag etter middag hadde musa kome seg ned i stova. Katten som låg på sofaen og skulle sove fekk ikkje fred. Musa tusla under stolar og bord og ante ikkje om katten. Eg høyrde henne og lurte på kva eg skulle gjera for å få henne ut.
Først må eg få ut katten tenkte eg, men eg var for sein. Eg såg kor irritert katten var. Han slo halen fram og tilbake på sofaen. Det var då det triste hendte. Katten hoppa ut av sofaen og gjekk til åtak på den vesle musa.
Det heile gikk så fort. Katten trengde musa opp i eit hjørne. Plutseleg stod katten framfor meg med musa i munnen. Han såg ut til å være stolt av seg sjølv. Eg synest den vesle musa fekk ein trist ende.

 

Lillian Øvrelid Berge

 
 

Akrobatkatt

 

Det er den tida no, kråka lærer ungane sine å flyge. Kvar morgon voknar eg av same bråket. I dag også, men i dag må det vere noko meir som er på taket, tenkte eg. Det dunka så tungt og kråkene held ein heil konsert. Fleire smell og dunkar, for eit leven dei held.
Plutselig høyrde eg tusling oppe på loftet. Det hadde vore fuglar inne på loftet før. No var der netting på vindaugsopninga og det skulle vere umuleg å kome inn. Det var vel best å sjå etter. Den gamle stigen til loftet knirka fælt. Med det same såg eg ingenting, berre mørket var der. Lenger borte var vidauge, det skein ein stråle bleikt morgonlys inn.
Ein skikkelse og det lyste i to store auge, eg aka meg nermare. Mjaaaau, det var katten til naboen. Han sat og pussa pelsen og det var tydeleg at han hadde vore ute i hardt vær. Akrobat var han, og gode klør hadde han, men dette var utruleg. Hadde han gått opp veggen eller hadde han falle ned frå taket eller treet.
Eg tippa han hadde prøvd å ta ein av kråkeungane. Han hadde sikkert bomma og det hadde heilt sikkert gått gale. Kråkene hadde sikkert ledd av han. Tenk og yppe seg mot kråkene.

Lillian Øvrelid Berge

 

 

 

 

 

 

 

Grågåsa

 

Då eg høyrde grågåsa i dag, kom eg til å tenkje på sist sommar. Grågåsa var her heile sommaren og la igjen visittkorta sine overalt. Ein kunne knapt ta eit steg utan å trakke i dei.
Ein kveld i mai renska eg jordbæråkeren for ugras, då høyrde eg kor ho kakla. Eg røyste meg opp for å sjå kvar ho var. Der kom heile grågåsfamilien opp sjøvegen. Fort for eg bak hylletreet. Der kom dei framom. Først ho mor, etter seg hadde ho seks ungar og til slutt han far.
Grågåsfar stilte seg på ei lita høgd og hadde full oversikt over farer som kunne nærme seg. Grågåsungane var artige å sjå på. Dei oppførte seg som lamb om våren og for hit og dit. Somme tider hulter til bulter bort over marka. Det var vist godbitar å finne nede i graset.
Etter ei stund la ho mor seg ned. Det var nett som ho gav eit signal. Alle ungane pilte til henne. Nokre krabba opp på ryggen og la seg rett ut. Dei som ikkje fekk plass der, krøkte seg inntil. Der låg dei ei heil stund. Det var rett koseleg å sjå på dei.

Lillian Øvrelid Berge

 

 
     
 

Den Gjenstridige rabarberapuddingen

 

Eit av dei morosame minna fra barndommen dukka opp i tankane mine da eg stod å rørte i rabarberasuppa.
Heile familien var på besøk hos ei av favoritt tantene.Ho serverte sosakjøtt til middag og til dessert hadde ho laga rabarberapudding.Praten gjekk livleg rundt bordet, det var koseleg hos tante. Så var vi alt komt til desserten.
"Versågod å forsyn dykk," sa tante. Pappa fekk skåla først, han tok ei skjei pudding, men puddingen sklei tilbake i skåla.Han gjorde eit nytt forsøk, men puddingen trekte seg ut av skjeia over kanten og rett i skåla igjen.
Medan pappa kjempa med puddingen såg vi andre kor komisk det var. Vi ungane byrja å fnise. Pappa byrja også å le."Vil han ikkje så skal han, få ein kniv eller ei saks med deg tante", sa han. Pappa viste alltid råd.
Til slutt sat vi å storlo alle saman. Den gjenstridige rabarberapuddingen måtte gi tapt. Vi åt opp heile puddingen.

Lillian Øvrelid Berge